Kjære konkurrentar i sportsbransjen - PLNTY | kulturmagasinet

Kjære konkurrentar i sportsbransjen

Kan me ikkje dele litt fleire hemmelegheiter?

La meg forklare.

Me i Kari Traa har dette året prøvd å lage klede ved å ullavfall frå tidlegare kolleksjonar med fiber frå tremasse og bomull. Me er sjølvsagt stolte over å ha laga eit så miljøvennleg produkt, men da me skulle lage reklamekampanjen for kolleksjonen fekk me oss ein kalddusj.

– Dette året har me prøvd å lage klede ved å ullavfall frå tidlegare kolleksjonar med fiber frå tremasse og bomull, sier Kari Traa. Stolt over produktet, men fikk ein kalddusj då dei skulle lage reklamekampanjen for kolleksjonen. Kvifor? Fordi me opplever vegen mot bærekraft framleis som ganske humpete.

På leiting etter betre måter

Jauda, denne måten å produsere på er så absolutt eit steg i rett retning. Men må være såpass ærlege og seie at me er langt frå nøgd med vår eigen innsats når det gjelde bærekraft. Me har framleis utfordringar knytta til transport, korleis me utnyttar stoffet kjøper inn, val av materiale og kostnadar, for å nemne noko. Det er ikkje fordi me ikkje vil, men fordi me ikkje veit korleis me skal få det til. Me er på konstant leiting etter betre måter å arbeide på, men det går for treigt.

Eg vil tru at det same gjeld for dykk.

Bransjen vår er full av gode initiativ og nyvinningar. Det er inspirerande å oppleva og lesa om kor åpne Bergans er om livssyklusen til produkta. Vi er imponert av det engasjementet Stormberg har for naturmangfald. Me blir motivert av Norrøna si «roadmap» for bærekraft, det kartet gjer det enklare å sjå vegen vidare for oss andre. Eksempla er mange og det er bra.

Det har kanskje vorte litt for enkelt å gøyme seg bak enkeltståande satsingar på bærekraft utan å ta tak i dei verkelege utfordringane. Ulne uttrykk, lettvinte løysingar og «buzzord» gjer det og vanskeleg for forbrukaren å vite kva som faktisk bidreg til bærekraft og kva som er grønvasking.

Me har mange spørsmål

Likevel opplever me vegen mot bærekraft framleis som ganske humpete. Me har mange spørsmål og for få svar.

For det er ikkje til å komme frå at både konkurrentane våre og me høyrer til i ein industri som framleis har ein stor jobb framfor seg. Produksjon av sko og klede står i dag for rundt 8 prosent av verdas klimautslepp, og tradisjonell storskalaproduksjon omfattar ofte bruk av kjemikaliar, vatn og sprøytemiddel. Det er eit paradoks at me i sportsbransjen lagar produkt for at menneska skal kunne oppleva alt det naturen har å by på, samstundes som tekstilindustrien er med å bryta den ned.

Det er eit paradoks at me i sportsbransjen lagar produkt for at menneska skal kunne oppleva alt det naturen har å by på. Kari Traa

Elefanten i rommet

Å få til ei fullstendig grøn omstilling for tekstilbransjen vil krevje at me tenker nytt om forretningsmodellar og måten me produserer på. Elefanten i rommet er at alle verksemder, også aktørar med eit oppriktig engasjement for samfunnet, må få til denne omstillinga samstundes som vi tener pengar. Det å snu opp-ned på korleis ein heil industri er bygd opp let seg ikkje gjere over natta. Me må derfor ta eit steg om gongen, me må være opne om at me ikkje er perfekte (enno), og me må tore å stille dumme spørsmål høgt. 

Det har kanskje vorte litt for enkelt å gøyme seg bak enkeltståande satsingar på bærekraft utan å ta tak i dei verkelege utfordringane. Ulne uttrykk, lettvinte løysingar og «buzzord» gjer det og vanskeleg for forbrukaren å vite kva som faktisk bidreg til bærekraft og kva som er grønvasking. Samtidig finns det kanskje ikkje alltid eit rett svar med to strekar under når me skal velje den mest bærekraftige løysinga. Ta for eksempel resirkulering, er det meir bærekraftig å nytte seg av resirkulert stoff i det me sjølv lagar, eller er det best å lage produkt som kan resirkulerast lett seinare? 

Me må være såpass ærlege og seie at me er langt frå nøgd med vår eigen innsats når det gjelde bærekraft. Me har framleis utfordringar knytta til transport, korleis me utnyttar stoffet kjøper inn, val av materiale og kostnadar, for å nemne noko, skriv Kari Traa i denne kronikken.

Mindre konkurrentar, meir parnarar

Me må finne dei gode  løysingane saman. Verken forbrukarane eller kloden har tid til at me som konkurrentar sitt på kvar vår tue og finn kvar vår løysing. Eg håpar og trur andre produsentar kan ha svaret på nokre av spørsmåla vi sit med. Og hvis ikkje; kanskje me kan finna løysingar i lag? 

Når det kjem til bærekraft må me være mindre konkurrentar og meir partnarar. Me må samarbeide for å finne den beste teknologien. Me må stå saman for å få regjeringa til å redusere moms og avgifter på produkt som er laga av resirkulert materiale. Berre slik kan me redusere fotavtrykka, gjera kvarandre bedre og finne løysingar som gir auka bærekraft.

 

Close